hafast_logo.png
 
 
 
Meny
Bli med på reisa:
Viktige dokument
28. august, 2015
Fellesuttalelse om planleggingsmidlar
28. august, 2015
Møreaksen AS, Hareid Fastlandsamband AS og Halsafjordsambandet AS har kome med ein felles uttalelse i samband med Agenda E39 i Kristiansund den 25. august. Hovedintensjonen med uttalelsen er å poengtere overfor sentrale styresmakter at tilføring av planleggingsmidlar er avgjerande for den vidare framdrifta i prosjekta. I tillegg er uttalelsen eit tydeleg signal til Mørebenken og andre E39-prosjekt om at Møre og Romsdal står saman bak alle sambanda, til beste for heile fylket.
28. januar, 2014
Ny Hafast-rapport frå COWI AS
28. januar, 2014
COWI AS har på oppdrag frå styret i Hareid Fastlandsamband AS utarbeidd ein rapport som oppsummerer dei viktigaste sidene ved Hafast, og sambandet sitt potensiale.
1. juli, 2013
Dokument frå generalforsamlinga 17.06.2013
1. juli, 2013
Det vart halde generalforsamling i Hareid Fastlandsamband AS den 17. juni, i lokala til Ulstein Group i Ulsteinvik. Her finn du dokumenta frå denne generalforsamlinga, inkludert signert protokoll.
27. mars, 2013
Annonse med kunngjering av planprogram frå Hareid og Sula kommunar
27. mars, 2013
Hareid og Sula kommunar har godkjent oppstart av planarbeid, og legg ut planprogram for offentleg ettersyn. Her kan du laste ned annonse med all utlyst informasjon.
14. mars, 2013
Planprogram - E39 - Flytebruløysing mellom Hareid og Sula
14. mars, 2013
Asplan Viak har utarbeidd planprogram for kommunedelplan, på oppdrag frå Hareid Fastlandsamband AS. Planprogrammet omfattar kommunene Hareid og Sula.
14. mars, 2013
Melding om vedtak - Hareid kommune
14. mars, 2013
Her kan du laste ned PDF med vedtak frå formannskapsmøte i Hareid kommune 12.03.20013, om forslag til planprogram for flytebruløysing mellom Hareid og Sula.
28. juni, 2012
Oppdaterte vedtekter for Hafast 04.06.2012
28. juni, 2012
Her kan du laste ned PDF med vedtekter oppdaterte per 4. juni 2012.
28. juni, 2012
Protokoll frå generalforsamling 04.06.2012
28. juni, 2012
Her kan du laste ned PDF med protokoll frå generalforsamlinga 4. juni.
20. mars, 2012
Miniseminar med Ola H. Grytten: Nytten av samferdselsinvesteringer
20. mars, 2012
Her kan du laste ned Powerpoint frå økonomiprofessor Ola H. Grytten sitt foredrag i Ålesund 9. mars.
20. februar, 2011
SWECO Norge AS sin analyse: Storfjorden kan kryssast i tunnel
20. februar, 2011
Det anerkjende konsulentselskapet Sweco Norge AS har på oppdrag frå Hareid Fastlandsamband AS vurdert om Hafast-sambandet kan setjast ut i livet. Konklusjonen er klar: Storfjorden kan kryssast i tunnel!
15. februar, 2011
Les kva fire kommunar seier om Hafast
15. februar, 2011
Fire av kommunane som Hafast får størst betydning for, har i samarbeid forfatta eit brev som støttar det vidare arbeidet med sambandet.
15. februar, 2011
Uttalelse frå næringslivet på Sunnmøre til støtte for Hafast
15. februar, 2011
Hafast blir ei viktig ferdselsåre for næringslivet på Sunnmøre, både for intern transport i regionen og for eksportbedriftene i området. Her kan du laste ned ein uttalelse frå desse bedriftene.
10. februar, 2011
Maritimt Møre - ein integrert kunnskapsregion (publikasjon frå MENON Business Economics)
10. februar, 2011
MENON-publikasjon nr 9 fra 2009 er skriven på oppdrag frå NCE Maritime. Rapporten omhandlar dei 12 kommunane i Møre og Romsdal som utgjer Maritimt Møre, og kva for moglegheiter og utfordringar dei har.