hafast_logo.png
 
 
 
Meny
Bli med på reisa:

Brusambandet

Frå tunnel til bru

Hafast var lenge tenkt gjennomført som eit tunnelsamband under Sulafjorden. Dette viser framleis i logoen vår, som enno ber preg av tanken om tunnel som rådde grunnen i mange år. Undersjøiske tunnelar er velprøvde på våre kantar, og difor jobba også Hareid Fastlandsamband AS lenge med planar om tunnel. Men så store tunneldjupner som Hafast ville medført, meir enn 600 meter under overflata, hadde aldri vore prøvd ut før. Fleire meinte det ville bli svært vanskeleg, kanskje til og med umogleg. Og mellom anna av den grunn, vart tanken om tunnel lagt til side for nokre få år sidan. I staden vart alle krefter sette inn på å finne og utarbeide aktuelle bruløysingar.

Lange bruspenn gir utfordringar

I dag ser vi på tre moglege traséar for å krysse Sulafjorden med bru. Uansett kva for ein som vert vald vil det krevje mykje av brukonstruksjonen, med høge vindstyrkar og stor bølgjebelastning i fjorden. Difor vert det vurdert både hengebru og flytebru. I den midtre traséen er det til og med skissert to separate spenn på 2.100 meter, som møtest på eit fundament midtfjords.

  • Ytre trasé på cirka 3.300 meter (hengebru mellom Kvitneset-området i Hareid og Eitraneset-området i Sula)
  • Midtre trasé på cirka 4.200 meter (hengebruer à 2.100 meter mellom Langeneset-området i Hareid og Nøringset-området i Sula)
  • Indre trasé på cirka 5.300 meter (flytebru mellom Hjørungavåg i Hareid og Sulesund i Sula)

Ny teknologi og utprøvde løysingar

Hafast vil, som fleire av dei andre skisserte bruløysingane langs ferjefri E39, føre med seg mykje nybrottsarbeid. Dels kan ein hente kunnskap frå andre store bruprosjekt omkring i verda, og dels kan ein vende nasa heimover og søke inspirasjon frå t.d. oljebransjen. Ser du mellom anna på fundamentet som er skissert midtfjords for midtre trasé, går assosiasjonane raskt til betongplattformene som står trygt forankra på botnen i Nordsjøen:

Teknologien og løysingane som vert utvikla til Hafast og andre utfordrande bruprosjekt langs E39, lar ikkje berre trafikantane krysse fjorden raskare. Dei syter også for at kryssinga vert heilt trygg, sjølv der storhavet er næraste nabo og stormkasta slår inn fjorden med jamne mellomrom.


Sjå alle Nyheiter