hafast_logo.png
 
 
 
Meny
Bli med på reisa:
Kva gjer vi?

Eit langtidsprosjekt

Det er ikkje gjort i ei handvending å få til ei fjordkryssing. Hareid Fastlandsamband AS vart etablert allereie i 1986, og dei ulike aktørane som gjennom åra har vore engasjerte i selskapet har arbeidd langsiktig for kryssing av Sulafjorden. Etter årtusenskiftet vart dette arbeidet kraftig intensivert, og selskapet fekk inn tunge krefter frå næringslivet og det offentlege i styret. Kjell Sandli vart tilsett som dagleg leiar, og det vart jobba tett inn mot sentrale styresmakter for å få realisert draumen om fastlandssamband frå Hareidlandet mot Ålesund.

Sigeren i 2014

I april 2014 offentleggjorde samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen at Hafast var valt som framtidig E39-trasé. Dette var ein enormt viktig milepæl for Hafast-prosjektet, sidan det allereie var eit uttalt mål at E39 skulle bli ferjefri. Då Hafast vart ein del av E39-traséen var det klart at ei bruløysing låg i korta.

Noverande og framtidige oppgåver

Hareid Fastlandsamband AS arbeider no med å sikre ei realisering av Hafast-utbygginga så raskt som mogleg. Vi skal halde trykket oppe for å gjere prosjektet «gryteklart», og syte for at framdrifta i planlegginga vert mest mogleg effektiv. Val av bruløysing, reguleringsplanar, og ikkje minst oppstartsdato for anleggsarbeidet er saker som vi no engasjerer oss tungt i. Med private og offentlege krefter frå heile Sunnmøre i ryggen, er vi klare til å ta Hafast-prosjektet i hamn.