hafast_logo.png
 
 
 
Meny
Bli med på reisa:
Storregionen Sunnmøre
pic1.jpg

Sunnmøre er den sørvestlege delen av Møre og Romsdal, og består av 17 kommunar - Giske, Haram, Hareid, Herøy, Norddal, Sande, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Volda, Ørskog, Ørsta og Ålesund. Desse sunnmørskommunane har til saman over 133 000 innbyggjarar. Hafast vil knyte heile denne regionen tettare saman.


Store fordelar for den maritime industrien
I Møre og Romsdal finn vi ei maritim klynge som har svært godt rykte internasjonalt. Klynga består av ein omfattande og variert industri: 15 designselskap, 18 rederi, 14 verft og 159 utstyrsleverandørar (kjelde: NCE Maritime).

Dei maritime bedriftene omsette i 2009 for over 50 milliardar kroner, har til saman over 20.000 tilsette, og er i stor grad retta mot eksport. Dei er avhengige av effektiv og rasjonell logistikk og transportmoglegheiter, både innad i regionen og utover mot internasjonale marknader.

Bringjer oss nærare
Sunnmøre sin "hovedstad" er Ålesund. Med sine 42 000 innbyggjarar har byen 1/3 av innbyggjarane på Sunnmøre. Mange arbeidstakarar i regionen bur i Ålesundsområdet og arbeider i nabokommunar som Hareid og Ulstein. Hafast vil knyte Ålesund tettare saman med naboane i sør og vest, og gjere transport av personar og gods enklare. Dette gjeld sjølvsagt også gjennomgåande transport, som med Hafast vil sleppe å bruke ferje over Storfjorden.