hafast_logo.png
 
 
 
Meny
Bli med på reisa:
Det kjem ein ny kvardag for alle sunnmøringar.
Bli med på reisa

HAFAST – ikkje eit spørsmål OM, men NÅR og KORLEIS?

«Skal du bygge bedrift, må du bygge samfunn skal du bygge samfunn må du bygge samferdsel», sa bedriftsleiar Idar Ulstein då Eiksundsambandet vart opna i 2008. Eit samband som gjorde alle samfunnsøkonomiske kalkylar og spådomar til skamme. På sju år var sambandet nedbetalt. Dette var under halvparten av den tida som var forespeila. Mobiliteten mellom kommunane er dramatisk forbetra og vi har fått ein sterk bu- og arbeidsmarknadsregion på Søre.

Nyleg la Victor Norman fram rapporten frå det regjeringsoppnemnde utvalet som skulle «utrede konsekvensene av demografiutfordringene i distriktene».  I denne rapporten beskriv ein mellom anna at eit godt vegsystem er viktig for å utvide og styrke integrasjonen i bu- og arbeidsmarknadane. «Bedre transportinfrastruktur gjør det mulig å øke reiseavstanden uten å øke reisetiden. Det gir også flere indirekte effekter, som eksempelvis økt konkurranse, stordriftsfordeler og mer kunnskapsdeling» (NOU 2020: 15).

Både denne og tidlegare rapportar framhevar at det ligg eit potensiale for auka verdiskaping i regionførstørring. Det er spesielt fjordområda langs kysten og E39 som har størst potensiale. Felles for desse områda er at betre vegar og gode samferdselsløysingar vil gi vesentleg reduksjon i reisetid  innanfor områder som er attraktive for pendling. Slik vil ein kunne kople saman eit visst omfang av yrkesaktive og arbeidsplassar og få betre «matching» mellom kompetanse og arbeidskraft. (TØI-rapport 1208/2012).

Hareid Fastlandsamband AS (HAFAST) arbeidar for å få på plass fjordkryssinga av Sulafjorden. Bruprosjektet vil knyte saman den mest folketette regionen i Møre og Romsdal, nærmare 150.000 innbyggarar. HAFAST vil gjere regionen større, døgnopen og transport av personar og gods enklare. På ein god time vil ein til dømes kunne reise frå Herøy i sør til Harøya i nord. Kortare reiseavstand vil gi meir mangfald og auke breidda i arbeidsmarknaden. Dette vil gje grunnlag for storskalafordeler, læringseffektar og fleire relevante jobbar å velje mellom i ein større region.

I 2014 vart det bestemt at E39 skulle gå over Hareidlandet og i 2015 kom HAFAST inn på statsbudsjettet med planleggingsmidlar. Etter fleire år med innsamling av grunndata på vind, straum, sjø og grunnforhold gjekk Statens Vegvesen i desember 2020 ut med anbodskonkurransen på bruløysing og traseval. Ein viktig milepæl for prosjektet! Om eit år vil ein ha på plass forslag til teknisk løysing, sikkerheit, miljø og estimat på kostnadar.

Sunnmøre er ein sterk og viktig eksportregion for landet og fleire av aktørane er internasjonalt leiande innan sine områder. Vi har ein variert og sterk leverandør- og tenesteindustri samt eit spannande kultur- og reiseliv. Skal vi oppretthalde dette må vi halde fram med å skape verdiar i samspelet mellom næringsliv, akademia og offentleg sektor, samt oppretthalde god mobilitet i forhold til sjukehus og flyplassar.  

Forsking syner at samferdsel er noko av det viktigaste som må til, og kanskje det aller viktigaste for å bygge og utvikle samfunn. Det er ikkje gratis SFO og sertifikat til 16-åringar bak rattet vi treng i distrikta – vi treng gode samferdselsløysingar slik at vi kan bygge sterke bu- og arbeidsmarknadsregionar.

Våre politikarar på Mørebenken har eit stort ansvar for at verdien av HAFAST blir synleggjort og prioritert under arbeidet med i Nasjonal Transportplan til våren. Samfunnsøkonomisk lønsame prosjekt som hindrar fråflytting frå distrikta er berekraftige – og dei må prioriterast!

Lene Trude Solheim, dagleg leiar/Harald Tom Nesvik, styreleiar

Kronikken stod på trykk i Sunnmørsposten 6.januar 2021

 

store aksjonærar er med på emisjonen
styreleder Harald Tom Nesvik
styreleder Harald Tom Nesvik

(24.11.2020) 10 av dei største aksjonærane i HAFAST er med på den pågåande emisjonen i selsksapet. Målet er å komme med i NTP med planleggingsmidler våren 2021.

- Dette er eit svært viktig signal frå næringslivet og kommunane, arbeidet for HAFAST skal halde fram. Vi er fylkets største bu- og arbeidsmarknadsregion. Vi er ein sterk eksportregion som skaper store verdier for resten av landet, understreker styreleiar Harald Tom Nesvik.

harald tom nesvik ny styreleder i hafast
Harald Tom Nesvik tar over som styreleder etter Gunvor Ulstein som fortsetter som styreleder.
Lene Trude Solheim er innleid som daglig leder.
Harald Tom Nesvik tar over som styreleder etter Gunvor Ulstein som fortsetter som styreleder. Lene Trude Solheim er innleid som daglig leder.
(01.09.2020)Nesvik er valgt til ny styreleder i Hareid Fastlandssamband (HAFAST).
-Vi må jobbe hardt fremover slik at vi får knyttet sammen denne kraftfulle bo og arbeidsmarkedsregionen bedre. Vi representerer en svært verdiskapende og eksportrettet region, med sterke og innovative miljø som bidrar med store inntekter til fellesskapet. Skal regioneden vokse og utvikle seg, så må vi satse videre på samferdsel og HAFAST må på plass. Vi må stå samlet på Sunnmøre, sier påtroppende styreleder Harald Tom Nesvik.
I styret får Nesvik med seg Vebjørn Krogsæther (nestleder), Stig Remøy, Jim Arve Røssevoll, Kine Berlid Norheim, Sølvi Lillebø Remøy, Bernt Brandal, Jan Rune Hurlen, Stein Arve Waagen og Gunvor Ulstein. Vara til styret er: Njål Sævik, Annika Brandal, Arnfinn Ingjerd, Øyvind Tørlen, Stig Sandanger Riise, Gunnar Hareide og Knut Erik Engh. Lene Trude Solheim ny administrerende direktør i Næringsforeningen Ålesundregionen, går inn som daglig leder i HAFAST.
Hva er HAFAST? HAFAST er et samfunns og utviklingsprosjekt som skal sikre en sterk bo og arbeidsmarkedsregion på Sunnmøre fremover. HAFAST vil gjøre regionen døgnåpen og transport av varer, personer og tjenester svært mye enklere. Mobiliteten vil øke både i forhold til utdanning, sykehus, flyplasser og kulturaktiviteter.
Statens Vegvesen har i flere år utført målinger av vind, bølger og strømforhold for å finne beste alternativet for fjordkryssingen mellom Ålesundregionen og Søre Sunnmøre. HAFAST sine aktiviteter er i dag finansiert av lokale banker, næringslivsaktører, næringsforeninger, kommuner og fylkeskommunen. HAFAST vil knytte sammen den mest folketette regionen i Møre og Romsdal. Hele 147.500 personer bor i Ålesundregionen og på Søre Sunnmøre, dette er over halvparten av alle innbyggere i Møre og Romsdal.
Milepæl for HAFAST!
HAFAST jobber for å komme med på NTP våren 2020
HAFAST jobber for å komme med på NTP våren 2020

(16.09.2020) Fase 1 og 2 er ferdige, nå går prosjektet over i fase 3 som er forprosjektering, sa prosjektleder Jørn Hasselø i Statens Vegvesen entusiastisk da han holdt innlegg for styret i HAFAST i september.

I løpet av de siste fire årene er det gjennomført en rekke marine grunnundersøkelser i Sulafjorden. Videre er det over fire år samlet inn data på vind, bølge og strømforhold.
-Nå er vi klare for å komme videre i arbeidet. Datagrunnlaget er på plass og forprosjektering kan starte. Dette arbeidet skal gi oss svar på hva som er den beste løsningen og den beste traseen, sa Hasselø.
Aktuelt
Hvor grønn vil Hafast bli?
(15.3.2019)
At en fjordkryssing skal bli en miljøvennlig løsning er en problemstilling av mer hypotetisk art. Men det er absolutt riktig og påkrevet at man stiller spørsmål om “Hvor grønn kan Hafast bli?”  Heldigvis er det ikke slik at fagmyndigheter og folkevalgte bare har fokus på trafikkvolum og kostnader, men også klima og miljø, når de vurderer nye samferdselsprosjekter. 
Les meir...
Hafast og Møreaksen
(22.12.2018)
Å skape døgnåpne regioner og robuste bo- og arbeidsmarkeder langs E39 er både fremtidsrettet og samfunnsøkonomisk fornuftig.
Les meir...
Hafast - for et samlet og sterkere sunnmøre
(22.11.2018)
På bare ti år har Eiksundsambandet firedoblet trafikken og økt samhandlingen på Søre Sunnmøre. Nå skal HAFAST binder sammen hele Sunnmøre
Les meir...
Sjå alle Nyheiter
Viktige dokument
Sjå alle dokument
 
Storregionen Sunnmøre

Sunnmøre er den sørvestlege delen av Møre og Romsdal, og består av 17 kommunar - Giske, Haram, Hareid, Herøy, Norddal, Sande, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Volda, Ørskog, Ørsta og Ålesund. Desse sunnmørskommunane har til saman over 133 000 innbyggjarar. Hafast vil knyte heile denne regionen tettare saman.

Les mer